Eg trur det kjem sukk frå syrommet…

Eg trur Singeren prøver å seie meg noko. Det er ikkje det at den ikkje har blitt brukt i løpet av dei siste månadane. Sjå berre på dette: Ganske vellykka hårband Direkte mislykka nøkkelanheng. Vart uskadeleggjort etter fotograferinga. Det er nok meir tanken på det han veit kjem til å skje framover som får Singer […]

Men prosjektet var ikkje dødt…!

Til trass for at det ikkje har vore innlegg å spore her på bloggen på over ein månad, så har eg altså ikkje forlatt symaskinen. Status på gåver er følgjande: Ein nøkkelkatt til ei katteglad tante, ho trudde at ei av jentene våre hadde laga den. Og eg måtte opplyse om kva det skulle forestille… […]

Og så var det Kjærleiken…

Kva gjer ein så, når Kjærleiken har bursdag? Kva er det inni denne? Min kjære sambuar/forlovede er ein hylar på kjøkenet. Til min (og til vener og familie sin) fornøyelse synst han det er toppen av lykke å få lukke kjøkkendøra, skru på radioen og fordjupe seg i grytene til dei (ikkje bokstavleg) boblar over […]

Dr. Who som inspirasjon

Denne gåva gleda eg meg lenge til å laga! Niesa mi fylte 18 år på søndag, og eg visste at her bar det rett til tv-serien Dr. Who for å hente inspirasjon. Dette er favorittserien hennar, og i tillegg ein serie full av gullsitat (har ein snikande mistanke om at desse to tinga heng saman […]

Hei, mamma!

Gratulera med dagen! Gratulera med dagen alle andre mammaer og forresten! Eg var så heldig å vakne opp til denne fantastiske morsdagsgåva i dag: Gjenbrukbar kjærleik! Sidan eg er svak for både lego og hjarter kunne eg ikkje fått ei betre gåve. Det er ei til på veg, men akkurat som mor si kjenner seksåringen […]

Barnebursdagsrush nr 1

Eg visste at det ville skje. Eg var berre ikkje heilt klar for det så tidleg i løpet. Invitasjon til barnebursdag. To stykk. På ei veke. Den fine kassen med ferdige gåver i ulike fasongar står førebels kun klar i planane mine, så her var det berre å hoppe i det!Grunna tett program i veka […]

Hurra – første gåve er i boks!

Då er første gåve avlevert! Men før eg gir deg oppsummeringa på korleis prosessen fram til ferdig produkt gjekk, må eg komme med ei lita innrømming: Hugsar du at eg gleda meg til å kose meg med lydbok medan eg sydde gåver i fleng der inne på syrommet mitt? Akk, så naiv det går an […]

Eit oppgjer med klesskapet

Problem: Som dei fleste andre av mitt kjønn har eg ikkje noko å ha på meg. Dette har utruleg nok ikkje blitt nemneverdig betre av gjentatte handleturar, så etter kvart har det demra for meg at problemet kanskje ikkje er innhaldet i klesskapet men augo som stirrar tomt inn i det.  Løysing: Pakke alt innhald inkludert sko, […]

Plutseleg i gong

Då jentene kom heim frå SFO i dag var dei fulle av ny kunnskap om sjongleringskunsten, og dessutan tilbøyelege til å (prøve å) sjonglere med alt av lausøyre. Eg tok meg derfor truleg kraftig vatn over hovudet då eg overilt utbraut “eg kan sy sjongleringsballar til dåko!”. Ikkje før er planen om å børsta støvet […]

No er det Singer og eg

Møt Singer. Sterkt neglisjert hushaldningsapparat med grimme framtidsutsikter. Maskinen har stått standby år etter år, kun uroa av lengtande blikk frå underteikna. Eg har alltid ønska at eg kunne bruka herligheten, men av ein eller anna grunn har terskelen vore for høg. Det einaste eg kan skilta med er ein usedvanleg lite sjarmerande limefarga barnekjole […]