Dr. Who som inspirasjon

Denne gåva gleda eg meg lenge til å laga! Niesa mi fylte 18 år på søndag, og eg visste at her bar det rett til tv-serien Dr. Who for å hente inspirasjon. Dette er favorittserien hennar, og i tillegg ein serie full av gullsitat (har ein snikande mistanke om at desse to tinga heng saman på eit vis…) No kan eg ikkje sei å ha sett mykje på serien sjølv, men den er eit oppkomme av gode replikkar som eg tenkjer å boltre meg i gjennom resten av dette innlegget. Så er du advart.

Tanken var å lage ei veske i ullfilt Dr. Who-style. Eg fann ei oppskrift på ei perfekt veske til formålet, berre ei lita hake der, og det er at ho er på russisk: arinarasputina blei dermed kjørt gjennom Google Translate med vekslande hell, men det såg gjennomførbart ut. Eller som doktoren sjølv ville sagt det: It isn’t rocket science, it’s just quantum physics.

Planen var å påføre ulike sitat på veska, saman med ei tversoversløyfe. Bow ties are nemlig cool. Eg kjøpte for ca. hundre år sidan nokon lure Lazertran-ark for å overføre print til tekstil. Litt usikker på kva eg skulle med dei i utgongspunktet, men no hadde dei plutseleg eit krystallklart føremål:

Do what I do. Hold tight and pretend it’s a plan!

Dessverre fekk eg ikkje brukt mine nyvunne russiskkunnskapar i denne omgong, då eg etter å ha sett resultatet frå printinga mi såg at dette skulle bli ei heilt anna veske. Nemlig Messenger Bag frå Crazy Little Projects. Kjekk veske å sy, sjølv om eg valde idiotiske stoff å sy med… Særleg sidan eg ikkje før etterpå fant ut (etter å ha snakka med ekspertrådet på sybutikken) kvifor tråden min klumpa seg på undersida. Eg har heile vegen tredd maskinen min feil… Eller: Eureka! som det og kan kallast. Truleg blir livet med symaskinen lysare frå no av. Tilbake til veska: Imitert skinn på sidene og som skulderreim, lett stretch-stoff til sjølve veska. Poplinstoff til fôr. Neste gong (for dette er ei veske eg glatt kan lage igjen) held eg meg til bomullsstoff tenkjer eg…

Eg laga ei lita tredelt lomme inni veska til mobil, penn og blå telefonkiosk. Sjølv om ho ikkje gjer seg fullt så godt på nært hald som på avstand, og sjølv om eg framleis har mareritt om at ho skal ramle frå kvarandre grunna mine klumpete saumar, er eg ganske nøgd med resultatet:

Sjarmerande skakk, men veldig ferdig!

Påsydd Dr. Who-sitat på baksida

Midt på treet-lur idé om å stryke på eit merke på baksida av skulderreima.

Nærbilete av merket på baksida

Høg sjarmfaktor her altså. Bow ties are cool!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *