Plutseleg i gong

Då jentene kom heim frå SFO i dag var dei fulle av ny kunnskap om sjongleringskunsten, og dessutan tilbøyelege til å (prøve å) sjonglere med alt av lausøyre. Eg tok meg derfor truleg kraftig vatn over hovudet då eg overilt utbraut “eg kan sy sjongleringsballar til dåko!”. Ikkje før er planen om å børsta støvet av symaskinen lansert, så er eg hovudstups nede i gryta med overmot.

Uansett, her bar det rett til symaskinen. Sidan fruktene av mitt nylege shoppingraid på nettet ikkje har komme meg i hende ennå, var eg idag prisgitt det eg hadde av stoff på lager. Ikkje mykje å skryta av, sjølv om minstejenta kjapt valgte seg ut det tidlegare omtalte limefarga stoffet som paradoksalt nok ein gong skulle bli ein kjole. Til ho. 

Takka vere bestis Pinterest lokaliserte eg denne oppskrifta hjå inspirerande Living with Punks: Japanese Otedama Bags. Eg hadde eit par avvik frå oppskrifta. For det første har eg jo planlagt å lage gåvene på symaskin. Då var det ein aldri så liten strek i rekninga at dama hadde laga desse ved hjelp av handsaum. Pytt, tenkte eg. Går nok fint på maskin også. Sikkert finare og… For det andre har eg heller ikkje mottatt mi splitter nye tekstilsaks frå internettet endå, derfor vart prosessen som i oppskrifta er skildra som “cut lots of 1 3/4″ x 3 1/2″ strips” forsøkt utført med husets rose-/kjøkken-/papir/-multisaks. Mulig min definisjon av ordet “lots” derfor endra seg drastisk i løpet av kort tid, sikkert er det i allefall at mykje av sjarmen sluttprodukta innehar skriv seg frå denne delen av produksjonen.

Med friskt mot og to ivrige assistentar/konsulentar/kritikarar hengande over skuldera gøyv eg laus på saumarbeidet. To minuttar seinare hadde medarbeidarane blitt plassert på trygg avstand i stova, langt borte frå til dømes symaskinpedalar. 


Eg skal ikkje påstå at det ikkje kosta litt svette, og det er kanskje ikkje så lett å sjå frå følgjande bilete, men resultatet er faktisk lovande. Dette gjekk nemleg over ALL forventning. Hurra for symaskinen og litt hurra for meg og! No gjenstår det berre å passe på at sjongleringsballane ikkje hamnar i hummus-skåla… God fredag!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *