Hurra – første gåve er i boks!

Då er første gåve avlevert! Men før eg gir deg oppsummeringa på korleis prosessen fram til ferdig produkt gjekk, må eg komme med ei lita innrømming: Hugsar du at eg gleda meg til å kose meg med lydbok medan eg sydde gåver i fleng der inne på syrommet mitt? Akk, så naiv det går an å bli…. Ein halvtime uti prosjektet innsåg eg at eg hadde lydboka på utan at eg hadde oppfatta eit ord av det fantastiske Kim Haugen med den vakre røysta las. Ein time seinare oppdaga eg dessutan den fulle koppen med kald te ved sida av meg. Det viste seg nemleg fort at nybegynnarsying krev ALL konsentrasjon og MYKJE tid. Toalettveska til frøken bursdagsbarn har mange arbeidstimar i seg, saman med nyttig visdom eg tar med meg vidare til neste prosjekt! 

Altså: Der sat eg, med Noodlehead si herlege og tilsynelatande enkle (hallo igjen, Naiviteten min!) open wide zippered pouch. Full av pågongsmot og med heile tre timar til disposisjon gauv eg laus på mi første bursdagsgåve. Med tydelege bilete og god skildring av prosessen tok eg meg glatt gjennom første avsnitt. Så hende det noko. Setninga starta “Use your zipper foot…”. Då stoppa eg. Zipper foot? Aldri høyrt om. Truleg grunna høge, sinte rop tilsynelatande retta mot stakkars iPaden kom Kjærleiken til unnsetning og spurte om eg ikkje hadde ein sånn der boks på symaskinen med deler i? Eh….jo. Etter litt googling og youtubing fant eg ikkje berre ut kva ein zipper foot var, men også korleis eg skulle bruke den. Tilbake på sporet!

Det å setje i glidelås viste seg å vera skikkeleg vanskeleg. Heldigvis visste eg ikkje at det er noko amatørsyarar skuggar unna, eg gjekk berre ut frå at eg ikkje var nøyaktig nok. På tredje forsøk passerte glidelåssaumen sensuren, og frå det punktet av gjekk resten av jobben overraskande greit. Den einaste øvrige smellen eg gjekk på var at eg sydde på mine små dekorhjerter for nær kanten av ytterstoffet. Desse måtte eg flytte lenger inn på grunn av botnen på veska. Og her er resultatet:

Mottakaren vart ikkje avskremt (trur eg), og eg er ganske nøgd med starten min!

2 thoughts on “Hurra – første gåve er i boks!

Leave a Reply to ral Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *