Barnebursdagsrush nr 1

Eg visste at det ville skje. Eg var berre ikkje heilt klar for det så tidleg i løpet. Invitasjon til barnebursdag. To stykk. På ei veke. Den fine kassen med ferdige gåver i ulike fasongar står førebels kun klar i planane mine, så her var det berre å hoppe i det!

Grunna tett program i veka fekk eg ikkje henta min etterlengta pakke frå internettet før fredag. Men – o lykke – der var det mykje gull! Heldigvis, for med seksåringen veldig klar for bursdag hos nabojenta og samtidig svoren motstandar av gåveprosjektet (EG VIL GI KJØPEPRESANG!!!!) hadde eg litt av ein overtalingsjobb føre meg. Etter snart sju år med øving i faget, har eg eit og anna triks i ermet på området. Fargen rosa slår aldri feil, og med prikkete stoff og lovnad om rosa blomepynt vann eg veslesjefen over. 

Denne gongen brukte eg little girl pearl purse, og alle sorger grunna teit glidelås er herved gløymt. Veske utan glidelås er nemlig berre gøy! Kan anbefalast på det sterkaste, sjå så søt den blei!

Men veka var ikkje over, begge jentene skulle i bursdag i løpet av seks dagar. Gåve nr 2 skulle ikkje vere noko stort problem, givaren og eg hadde allereie avtalt at eg skulle sy eit hårbånd. Easy-peasy tenkte eg. Og det var det jo for såvidt og. Bortsett frå at det nesten ferdige resultatet ikkje vart heilt slik givaren hadde sett for seg. (Bilete av denne vil dukke opp før du anar, då denne skal ferdigstillast i håp om at den får bli gåva til nokon andre. Eg trur nemlig at sjarmen ligg i detaljane….) Uansett møtte eg her på ei utfordring. Det må vera gåver som er kjekke å gi, kjekke å få. Dersom dei kriteria ikkje er oppfylte må eg prøve igjen. Der satt eg altså, med veldig begrensa tid og eit stort behov for å levere kvalitet til “kunden”! Kva gjer eg? Jo, eg kjører det gamle (fleire veker faktisk) sjongleringstrikset. Til klar ståkarakter frå givaren, og angiveleg også frå mottakaren presterte eg dette på Singeren på relativt få timar:

Snedig snørepatent på toppen der altså.
Det blir ikkje meir matchande enn dette!




Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *