Barnebursdagsrush nr 1

Eg visste at det ville skje. Eg var berre ikkje heilt klar for det så tidleg i løpet. Invitasjon til barnebursdag. To stykk. På ei veke. Den fine kassen med ferdige gåver i ulike fasongar står førebels kun klar i planane mine, så her var det berre å hoppe i det!Grunna tett program i veka […]

Hurra – første gåve er i boks!

Då er første gåve avlevert! Men før eg gir deg oppsummeringa på korleis prosessen fram til ferdig produkt gjekk, må eg komme med ei lita innrømming: Hugsar du at eg gleda meg til å kose meg med lydbok medan eg sydde gåver i fleng der inne på syrommet mitt? Akk, så naiv det går an […]

Eit oppgjer med klesskapet

Problem: Som dei fleste andre av mitt kjønn har eg ikkje noko å ha på meg. Dette har utruleg nok ikkje blitt nemneverdig betre av gjentatte handleturar, så etter kvart har det demra for meg at problemet kanskje ikkje er innhaldet i klesskapet men augo som stirrar tomt inn i det.  Løysing: Pakke alt innhald inkludert sko, […]

Plutseleg i gong

Då jentene kom heim frå SFO i dag var dei fulle av ny kunnskap om sjongleringskunsten, og dessutan tilbøyelege til å (prøve å) sjonglere med alt av lausøyre. Eg tok meg derfor truleg kraftig vatn over hovudet då eg overilt utbraut “eg kan sy sjongleringsballar til dåko!”. Ikkje før er planen om å børsta støvet […]

No er det Singer og eg

Møt Singer. Sterkt neglisjert hushaldningsapparat med grimme framtidsutsikter. Maskinen har stått standby år etter år, kun uroa av lengtande blikk frå underteikna. Eg har alltid ønska at eg kunne bruka herligheten, men av ein eller anna grunn har terskelen vore for høg. Det einaste eg kan skilta med er ein usedvanleg lite sjarmerande limefarga barnekjole […]