H-C3-A5rb-C3-A5nd

Eg trur det kjem sukk frå syrommet…

Eg trur Singeren prøver å seie meg noko. Det er ikkje det at den ikkje har blitt brukt i løpet av dei siste månadane. Sjå berre på dette:

Ganske vellykka hårband
Direkte mislykka nøkkelanheng. Vart uskadeleggjort etter fotograferinga.

Det er nok meir tanken på det han veit kjem til å skje framover som får Singer til å skjelve i pedalen. Eg har nemleg tenkt å gyva laus. Det tidlegare omtalte bryllupet har gått av stabelen. Ein heil sommar full av sol, strand, fiskelykke, ikkje fiskelykke, bading, grilling, lesing, lesing og lesing er overstått. Lista over dei som får bursdagsgåva overraskande seint er etter kvart lang (Bror, bror, grandnevø (latterleg pysjbukse vart riktignok produsert men ikkje overlevert), niese, svigerinne). Eg har også laga eit unntak til prosjektet, det går cirka sånn:

I periodar med komplett kaotisk timeplan og høg puls er det, dersom godkjent av kontrollinstansen, lov å gi vekk bøker eller blomar. Eller Nano-lego.

Kontrollinstansen er min mann. Han nikkar samtykkande når tida ikkje strekk til. Unntaket kjennes LITT ut som eit nederlag, men eg vel å sjå på det som ein overgongsfase. No er eg nemleg klar for å komme heilt fullstendig ajour. I løpet av helga skal eg lage gåva til mamma, ho har bursdag på tysdag. Og har vore så grei å gå ifrå sitt opprinnelege ønske, ytra i januar: “Å, eg gler meg til å få bursdagspresangen min! Eg ønskjer meg ein drakt!”. Realitetsorientert ytring i august: “Hadde vore kjekt med ei sånn mappa eg kan ha strikkepinnane mine i!” Snille, gode mamma: Du skal få verdas finaste strikkepinnemappe!!!

 

 

 

 

Pusen500

Men prosjektet var ikkje dødt…!

Til trass for at det ikkje har vore innlegg å spore her på bloggen på over ein månad, så har eg altså ikkje forlatt symaskinen. Status på gåver er følgjande:

Ein nøkkelkatt til ei katteglad tante, ho trudde at ei av jentene våre hadde laga den. Og eg måtte opplyse om kva det skulle forestille… Det var kanskje ikkje den strålande debuten på eige design som eg kanskje hadde håpa på, men eg må jo innrømme at Tante T har eit poeng. Udelt suksess der altså.

Katt det var?
Deretter laga eg ei pysjbukse som var så stygg at eg bestemte meg for å ikkje levere ho til bursdagsbarnet. Det er trass alt grenser for kva mine stakkars slektningar skal måtte tåle. Der ligg eg altså ei gåve i minus, men gir meg sjølv eit bonuspoeng for forsøket, samt eitt for god sjølvinnsikt.

Etter dette ubrukelege forsøket la eg lista heilt ned på golvet. Eg trur eg klarte å finne det enklaste prosjektet i verda, nemleg ein hals. Det går sånn:
1. Klypp. 
2. Sy. 
3. Vreng. 
4. Sy. 
5. Ferdig!

Dersom dette blei litt tynt, kan du for eksempel bruke denne framgongsmåten.

Skikkeleg fint blir det også:

Innertiar frå Singer og co.

Sidan eg som kjent er velsigna med overraskande dårleg hukommelse og ein litt for stor porsjon overmot bestemte eg meg deretter for å gå laus på ei ny pysjbukse. Denne gongen drassa eg symaskinen med meg på påskeferie hos ho mor. Det viste seg å vera svært lurt. Mamma spør nemleg spørsmål av denne typen: Neimen, har du laga buksa lik framme og bak??? (Eg ser litt blankt på ho.) Eg må deretter innrømme at eg aldri har tenkt over at bukser stort sett er høgare bak enn framme, og at dei helst bør svinge meir ut bak for å gjere plass til enden av ryggen. Medan me står der og stiller kritiske spørsmål til arbeidsprosessen min plukkar eg opp ein heil haug med nyttige tips av mammo, som viser seg å kunne ein heil del om dette. Hurra for kloke mødre! La meg for enkelhets skyld oppsummere dette med pysjbukse:

 

– IKKJE lytt til “erfarne” pysjfolk som seier “legg ei passande pysjbukse på papir og teikne av. Klipp fire like deler av dette mønsteret.” (Eg likar å gjere til stemma når eg seier det, for dei som seier det er SKIKKELEG teite) Nei. Nei. Nei. Det blir berre stygt.

– Bruk eit buksemønster til for eksempel ei joggebukse, og dropp eventuelle elastiske brot på føtene. Eg var så heldig å komme over ein bunke gamle syblad med mønsterark, der var det ei slik.

Eg behaldt linninga oppe, og sette inn strikk rundt anklane. Tidlegare storhandel på internettet gjorde at eg sat på eit lekkert stykke flanell type grå. Mottakaren sin forbokstav blei deretter sirleg applikert på leggen, og eg må innrømme at eg er ganske fornøgd med resultatet (sjølv om eg i ettertid innser at strykejernet godt kunne strøke innom):

B for Bavansert!
Mjuk og fin

Bursdagsbarnet såg ut til å vera enig med meg, buksa var i allefall på langt utover leggetid.

Eg skal ikkje påstå at alle gåvene til no har blitt overlevert på sjølve bursdagen. Det som blir spennande no er å sjå korleis eg klarer meg gjennom mai månad, der er det tett med bursdagar og me skal dessutan gifte i byrjinga av juni… Klarer eg meg forbi det utan at Singeren og eg går kvar vår veg så trur eg dette kan vere starten på eit vakkert venskap.


Innpakka500

Og så var det Kjærleiken…

Kva gjer ein så, når Kjærleiken har bursdag? Kva er det inni denne?

Min kjære sambuar/forlovede er ein hylar på kjøkenet. Til min (og til vener og familie sin) fornøyelse synst han det er toppen av lykke å få lukke kjøkkendøra, skru på radioen og fordjupe seg i grytene til dei (ikkje bokstavleg) boblar over av deilige, duftande godsaker. Og kva er då meir naturleg enn å ikle han eit kokkeforkle? Tenkjer eg då i allefall.

Med dette som utgongspunkt sette eg i gong med Stiches in play si oppskrift. Enkelt og greit, sidan eg no har fått dreisen på både sting og kutting. Hovmod står som kjent for fall. Eg hadde nemleg bestemt meg for, etter stor suksess i tidlegare forsøk, å påføre eit snedig lite Julia Child-sitat på forkleet. Med noko knapp tidsmargin ferdigstilte eg som den rutinerte lappepåstrykaren eg no etter kvart er blitt forkleet med sikre hender. Sluttresultatet ser du her:

Kor er det blitt av Julia Child, mon tru? Joda. Du har kanskje gjetta det, det hamna på baksida.

Paradoksalt nok kan eg trygt seie at dette ikkje vart 100% the way it should.



Lazertran

Dr. Who som inspirasjon

Denne gåva gleda eg meg lenge til å laga! Niesa mi fylte 18 år på søndag, og eg visste at her bar det rett til tv-serien Dr. Who for å hente inspirasjon. Dette er favorittserien hennar, og i tillegg ein serie full av gullsitat (har ein snikande mistanke om at desse to tinga heng saman på eit vis…) No kan eg ikkje sei å ha sett mykje på serien sjølv, men den er eit oppkomme av gode replikkar som eg tenkjer å boltre meg i gjennom resten av dette innlegget. Så er du advart.

Tanken var å lage ei veske i ullfilt Dr. Who-style. Eg fann ei oppskrift på ei perfekt veske til formålet, berre ei lita hake der, og det er at ho er på russisk: arinarasputina blei dermed kjørt gjennom Google Translate med vekslande hell, men det såg gjennomførbart ut. Eller som doktoren sjølv ville sagt det: It isn’t rocket science, it’s just quantum physics.

Planen var å påføre ulike sitat på veska, saman med ei tversoversløyfe. Bow ties are nemlig cool. Eg kjøpte for ca. hundre år sidan nokon lure Lazertran-ark for å overføre print til tekstil. Litt usikker på kva eg skulle med dei i utgongspunktet, men no hadde dei plutseleg eit krystallklart føremål:

Do what I do. Hold tight and pretend it’s a plan!

Dessverre fekk eg ikkje brukt mine nyvunne russiskkunnskapar i denne omgong, då eg etter å ha sett resultatet frå printinga mi såg at dette skulle bli ei heilt anna veske. Nemlig Messenger Bag frå Crazy Little Projects. Kjekk veske å sy, sjølv om eg valde idiotiske stoff å sy med… Særleg sidan eg ikkje før etterpå fant ut (etter å ha snakka med ekspertrådet på sybutikken) kvifor tråden min klumpa seg på undersida. Eg har heile vegen tredd maskinen min feil… Eller: Eureka! som det og kan kallast. Truleg blir livet med symaskinen lysare frå no av. Tilbake til veska: Imitert skinn på sidene og som skulderreim, lett stretch-stoff til sjølve veska. Poplinstoff til fôr. Neste gong (for dette er ei veske eg glatt kan lage igjen) held eg meg til bomullsstoff tenkjer eg…

Eg laga ei lita tredelt lomme inni veska til mobil, penn og blå telefonkiosk. Sjølv om ho ikkje gjer seg fullt så godt på nært hald som på avstand, og sjølv om eg framleis har mareritt om at ho skal ramle frå kvarandre grunna mine klumpete saumar, er eg ganske nøgd med resultatet:

Sjarmerande skakk, men veldig ferdig!

Påsydd Dr. Who-sitat på baksida

Midt på treet-lur idé om å stryke på eit merke på baksida av skulderreima.

Nærbilete av merket på baksida

Høg sjarmfaktor her altså. Bow ties are cool!
Legohjarta

Hei, mamma!

Gratulera med dagen! Gratulera med dagen alle andre mammaer og forresten! Eg var så heldig å vakne opp til denne fantastiske morsdagsgåva i dag:

Gjenbrukbar kjærleik!
Sidan eg er svak for både lego og hjarter kunne eg ikkje fått ei betre gåve. Det er ei til på veg, men akkurat som mor si kjenner seksåringen på tidsklemma. Tjue minutt før leggetid ser gåva frå henne slik ut:
Imponerande sying av seksåringen!

Eg gler meg mildt sagt vilt til å motta ferdig produkt, dette skal nemleg bli ei hjartepute!

Tilbake til mammo: Hei, mamma. Du er fantastisk! Som nevnt blir gåva di overlevert her, sidan me ikkje sjåast før neste helg. Versågod, her er ei stoffkorg (den har eg laga sjølv):
I teorien ei ganske enkel oppgåve å sy… I teorien.
Korga har eg laga etter denne malen frå Purl Bee: Sewn Stash Basket. Ikkje avanserte greier dette, men eg fekk meir enn litt trøbbel med å sy korga saman. Det sto ikkje på mengden knappenåler, for der halte eg i land ein imaginær OL-medalje:
 Det å sy saman åtte lag med stoff og to lag med for viste seg å vera litt av ei utfordring for Singeren. Eller eventuelt meg. Ringrevar innan syfaget ville nok sagt at eg “burde [passande syteknisk uttrykk] ved hjelp av [passande dings på symaskinen], fordi dette er eit klassisk tilfelle av [passande typisk problem når ein syr mange lag] ” Dessverre kjenner eg få ringrevar innan sying, så det blei til at eg sydde, spretta opp, sydde, spretta opp og deretter sydde. Heldigvis for meg er dette noko som ein fortrinnsvis skal ha ting oppi, ingen kjem til å sjå den ubrukelege innsida. Bruksområde, seier du? Mange. Til dømes:
Garnkorg
Hue- og skjerfkorg

Dopapirkorg

Frårådd bruksområde:
Kongekorg

Prikkeveske

Barnebursdagsrush nr 1

Eg visste at det ville skje. Eg var berre ikkje heilt klar for det så tidleg i løpet. Invitasjon til barnebursdag. To stykk. På ei veke. Den fine kassen med ferdige gåver i ulike fasongar står førebels kun klar i planane mine, så her var det berre å hoppe i det!

Grunna tett program i veka fekk eg ikkje henta min etterlengta pakke frå internettet før fredag. Men – o lykke – der var det mykje gull! Heldigvis, for med seksåringen veldig klar for bursdag hos nabojenta og samtidig svoren motstandar av gåveprosjektet (EG VIL GI KJØPEPRESANG!!!!) hadde eg litt av ein overtalingsjobb føre meg. Etter snart sju år med øving i faget, har eg eit og anna triks i ermet på området. Fargen rosa slår aldri feil, og med prikkete stoff og lovnad om rosa blomepynt vann eg veslesjefen over. 

Denne gongen brukte eg little girl pearl purse, og alle sorger grunna teit glidelås er herved gløymt. Veske utan glidelås er nemlig berre gøy! Kan anbefalast på det sterkaste, sjå så søt den blei!

Men veka var ikkje over, begge jentene skulle i bursdag i løpet av seks dagar. Gåve nr 2 skulle ikkje vere noko stort problem, givaren og eg hadde allereie avtalt at eg skulle sy eit hårbånd. Easy-peasy tenkte eg. Og det var det jo for såvidt og. Bortsett frå at det nesten ferdige resultatet ikkje vart heilt slik givaren hadde sett for seg. (Bilete av denne vil dukke opp før du anar, då denne skal ferdigstillast i håp om at den får bli gåva til nokon andre. Eg trur nemlig at sjarmen ligg i detaljane….) Uansett møtte eg her på ei utfordring. Det må vera gåver som er kjekke å gi, kjekke å få. Dersom dei kriteria ikkje er oppfylte må eg prøve igjen. Der satt eg altså, med veldig begrensa tid og eit stort behov for å levere kvalitet til “kunden”! Kva gjer eg? Jo, eg kjører det gamle (fleire veker faktisk) sjongleringstrikset. Til klar ståkarakter frå givaren, og angiveleg også frå mottakaren presterte eg dette på Singeren på relativt få timar:

Snedig snørepatent på toppen der altså.
Det blir ikkje meir matchande enn dette!




Toalettveske1

Hurra – første gåve er i boks!

Då er første gåve avlevert! Men før eg gir deg oppsummeringa på korleis prosessen fram til ferdig produkt gjekk, må eg komme med ei lita innrømming: Hugsar du at eg gleda meg til å kose meg med lydbok medan eg sydde gåver i fleng der inne på syrommet mitt? Akk, så naiv det går an å bli…. Ein halvtime uti prosjektet innsåg eg at eg hadde lydboka på utan at eg hadde oppfatta eit ord av det fantastiske Kim Haugen med den vakre røysta las. Ein time seinare oppdaga eg dessutan den fulle koppen med kald te ved sida av meg. Det viste seg nemleg fort at nybegynnarsying krev ALL konsentrasjon og MYKJE tid. Toalettveska til frøken bursdagsbarn har mange arbeidstimar i seg, saman med nyttig visdom eg tar med meg vidare til neste prosjekt! 

Altså: Der sat eg, med Noodlehead si herlege og tilsynelatande enkle (hallo igjen, Naiviteten min!) open wide zippered pouch. Full av pågongsmot og med heile tre timar til disposisjon gauv eg laus på mi første bursdagsgåve. Med tydelege bilete og god skildring av prosessen tok eg meg glatt gjennom første avsnitt. Så hende det noko. Setninga starta “Use your zipper foot…”. Då stoppa eg. Zipper foot? Aldri høyrt om. Truleg grunna høge, sinte rop tilsynelatande retta mot stakkars iPaden kom Kjærleiken til unnsetning og spurte om eg ikkje hadde ein sånn der boks på symaskinen med deler i? Eh….jo. Etter litt googling og youtubing fant eg ikkje berre ut kva ein zipper foot var, men også korleis eg skulle bruke den. Tilbake på sporet!

Det å setje i glidelås viste seg å vera skikkeleg vanskeleg. Heldigvis visste eg ikkje at det er noko amatørsyarar skuggar unna, eg gjekk berre ut frå at eg ikkje var nøyaktig nok. På tredje forsøk passerte glidelåssaumen sensuren, og frå det punktet av gjekk resten av jobben overraskande greit. Den einaste øvrige smellen eg gjekk på var at eg sydde på mine små dekorhjerter for nær kanten av ytterstoffet. Desse måtte eg flytte lenger inn på grunn av botnen på veska. Og her er resultatet:

Mottakaren vart ikkje avskremt (trur eg), og eg er ganske nøgd med starten min!

Full-bil

Eit oppgjer med klesskapet

Problem: 
Som dei fleste andre av mitt kjønn har eg ikkje noko å ha på meg. Dette har utruleg nok ikkje blitt nemneverdig betre av gjentatte handleturar, så etter kvart har det demra for meg at problemet kanskje ikkje er innhaldet i klesskapet men augo som stirrar tomt inn i det. 

Løysing: 
Pakke alt innhald inkludert sko, vesker og tilbehør i bilen (sørg for å ha stor nok bil…) og setje kursen mot nokon med samme problem/synsforstyrring. Eg så gjorde i helga, og det kan absolutt anbefalast. Med på lasset var eit klesstativ, nyttig for å få fram godbitane.

That 70’s Dress
Klar for oktoberfest?

Med felles mål lo me to håplause oss gjennom kvelden. Me utvikla overraskande raskt ein kvass sensurteknikk som ikkje gav rom for sentimentalitet og usaklege argument, og sto til slutt att med eit utval klær som utruleg nok hadde vore der heile vegen. Berre godt kamuflert av nuppete og falma favorittar, golden oldies som ikkje hadde lufta seg på eit lite tiår og eit og anna bomkjøp med prislappen på… Eg endte opp med å konkludera at eg ikkje treng å kjøpa anna enn eit par strikkejakker og litt bling. Lommebok-opptur! Dessutan kom eg heim med ein kasse full av ting som treng ein liten runde med symaskinen. Forsetjing følger på den…. Det ligg også an til ein bytekveld om ikkje lenge. Eg fann forresten tilbake til mamma sin slager frå 70-talet, den får bli hos meg!


Hacky-Sack

Plutseleg i gong

Då jentene kom heim frå SFO i dag var dei fulle av ny kunnskap om sjongleringskunsten, og dessutan tilbøyelege til å (prøve å) sjonglere med alt av lausøyre. Eg tok meg derfor truleg kraftig vatn over hovudet då eg overilt utbraut “eg kan sy sjongleringsballar til dåko!”. Ikkje før er planen om å børsta støvet av symaskinen lansert, så er eg hovudstups nede i gryta med overmot.

Uansett, her bar det rett til symaskinen. Sidan fruktene av mitt nylege shoppingraid på nettet ikkje har komme meg i hende ennå, var eg idag prisgitt det eg hadde av stoff på lager. Ikkje mykje å skryta av, sjølv om minstejenta kjapt valgte seg ut det tidlegare omtalte limefarga stoffet som paradoksalt nok ein gong skulle bli ein kjole. Til ho. 

Takka vere bestis Pinterest lokaliserte eg denne oppskrifta hjå inspirerande Living with Punks: Japanese Otedama Bags. Eg hadde eit par avvik frå oppskrifta. For det første har eg jo planlagt å lage gåvene på symaskin. Då var det ein aldri så liten strek i rekninga at dama hadde laga desse ved hjelp av handsaum. Pytt, tenkte eg. Går nok fint på maskin også. Sikkert finare og… For det andre har eg heller ikkje mottatt mi splitter nye tekstilsaks frå internettet endå, derfor vart prosessen som i oppskrifta er skildra som “cut lots of 1 3/4″ x 3 1/2″ strips” forsøkt utført med husets rose-/kjøkken-/papir/-multisaks. Mulig min definisjon av ordet “lots” derfor endra seg drastisk i løpet av kort tid, sikkert er det i allefall at mykje av sjarmen sluttprodukta innehar skriv seg frå denne delen av produksjonen.

Med friskt mot og to ivrige assistentar/konsulentar/kritikarar hengande over skuldera gøyv eg laus på saumarbeidet. To minuttar seinare hadde medarbeidarane blitt plassert på trygg avstand i stova, langt borte frå til dømes symaskinpedalar. 


Eg skal ikkje påstå at det ikkje kosta litt svette, og det er kanskje ikkje så lett å sjå frå følgjande bilete, men resultatet er faktisk lovande. Dette gjekk nemleg over ALL forventning. Hurra for symaskinen og litt hurra for meg og! No gjenstår det berre å passe på at sjongleringsballane ikkje hamnar i hummus-skåla… God fredag!

Singer

No er det Singer og eg


Møt Singer. Sterkt neglisjert hushaldningsapparat med grimme framtidsutsikter. Maskinen har stått standby år etter år, kun uroa av lengtande blikk frå underteikna. Eg har alltid ønska at eg kunne bruka herligheten, men av ein eller anna grunn har terskelen vore for høg. Det einaste eg kan skilta med er ein usedvanleg lite sjarmerande limefarga barnekjole i størrelse eitt år som ligg halvferdig i ein kasse. Det er det heile. No er ho som skulle få kjolen byrja på skulen… 

Til no i livet har mine trufaste følgesvener vore strikkepinnane og heklenåla. Dette er året då forholdet mitt til symaskinen skal gå frå overdimensjonert ærefrykt til…ja…gjensidig respekt. Korleis har eg tenkt å oppnå dette seier du? Gjennom å lage (nesten) alle årets gåver på den, vel!  Dette må seiast å vera noko ambisiøst, særleg sidan eg har tenkt å gå for gåver som mottakaren skal setje pris på. Ingen gryteklutar der altså. (Mogleg eg kjem til å ete dei orda i meg i løpet av bursdagshøgsesongen…) Eg klarar nok heller ikkje å la strikkepinnane ligge brakk, det blir truleg nokon strikka gåver og. Men i det store heile skal dei komme frå Singer. Og meg.

Heldigvis får eg ein litt roleg start. Med kun ein bursdag i januar og ein i februar har eg tid til litt prøving og feiling før det tar av for alvor i mars. Første bursdagsborn ut er ei frøken som fyller fire år, og eg har bestemt at ho treng ei toalettveske til ho skal på overnatting hos oss. Mogleg den avgjerda er tatt dels på grunnlag av mitt noverande synivå, men toalettvesker er jo alltid kjekt å få…? Dessutan skal ein ikkje kimsa av ein vakkert isydd glidelås.

Syrommet er forøvrig utstyrt med essensielle rekvisita (eit resultat av strategisk og framtenkt ønskeliste): CD-spelar og lydbøker. Etter ein større ryddeaksjon på syrommet (tidlegare kjent som gjesterommet) samt ein litt i overkant inspirert shoppingrunde på internettet er eg no straks klar til å gå igong. 

Inspirasjon og oppskrifter hentar eg hovudsakleg på nettet og samlar i mi dertil egna pinterest-mappe.